Trainee Vest
Offentlig sektor
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 22. januar 2018
raineevest.no

Nye Øygarden kommune: Trainee - Innovasjon og digitalisering

Nye Øygarden kommune
Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman til èin kommune frå og med 1. januar 2020, og skal heite Øygarden kommune. Ein prosjektorganisasjon er etablert og har fått namnet Nye Øygarden kommune. Den skal førebu og gjennomføre samanslåinga etter vedtak gjort i ei fellesnemnd, som er det politiske styringsorganet. I den nye kommunen ønskjer vi å kunne tilby innbyggjarane og næringslivet gode, brukartenlege og heilskaplege digitale tenester i tråd med utviklinga på området.

Trainee - Innovasjon og Digitalisering

Ein trainee vil bidra med å styrke og komplettere det eksisterande arbeidet på digitaliseringsområdet i arbeidet med samanslåinga, og samstundes bidra med innovasjon og nytenking. Traineen vil ha arbeidsstad i prosjektorganisasjonen, og arbeide i tett samarbeid med IKT-avdelingane i dei tre kommunane.