Framtidsfylket AS
Teknologi, Annet
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2018
www.framtidsfylket.no

Strukturplast/Bano-gruppen søkjer trainee innan produktutvikling

Strukturplast AS er eit selskap i Banogruppen med totalt 150 tilsette, der 50 har sin arbeidsstad på Sandane. Gruppa omset for 300 millionar kvart år, har solid økonomi og er i sterk vekst. Gruppa vil i 2018 flytte inn i nye kontor og ikkje minst ny fabrikk på Sandane. Banogruppen har kontor i alle nordiske land, i tillegg til fabrikkar både i Noreg og i Sverige.

Som trainee i Strukturplast/Bano-gruppen tilbyr vi deg
- Spennande oppgåver på avdeling for produktutvikling
- Tett samarbeid med produktutviklarar i ulike avdelingar
- Opplæring på utviklingsavdeling og på fabrikk på Sandane
- Opplæring ved vår avdeling på NTNU Gjøvik
- Opplæring på fabrikk i Sverige og våre kontorer i Oslo og Bergen

Stillinga inngår i Strukturplast/Bano si utviklingsavdeling
Arbeidsstad er på Sandane i Nordfjord, men noko reiseaktivitet må påreknast, deriblant til vår utviklingsavdeling på NTNU Gjøvik og fabrikk i Sverige.

Kvalifikasjonar
- Ha god teknisk innsikt, like å sjå nye moglegheiter, og tenkje utanfor boksen
- Gode kommunikasjonsevner
- Du må vere strukturert og like å jobbe både sjølvstendig og i team
- Du må vise engasjement for jobben, og vere villig til å stå på litt ekstra i hektiske periodar

Som Framtidsfylket-trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Dersom du ikkje oppfyller desse krava oppmodar vi deg likevel til å ta kontakt, då vi også kan vere interesserte i annan teknisk kompetanse - som for eksempel VVS- og byggkompetanse.

Du får
- Ei stilling i ei internasjonal industrigruppe i vekst, med eit stort potensiale og ein solid økonomi
- Du får jobbe i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, i ein region som gir deg mange moglegheiter til å dyrke friluftsinteresser
- Du får gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedyktige vilkår

Tilsetting: August 2018 til August 2019.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med TELSA AS, Tommy Gustav El Sayed. TELSA er rådgjevar for Bano-gruppen ved rekruttering. Mobil: 47885388. E-post: tommy@telsa.no

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket.