Framtidsfylket AS
Bank og Finans, Regnskap og revisjon
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2018
www.framtidsfylket.no

Strukturplast/Bano-gruppen søkjer trainee innan økonomi og rekneskap

Strukturplast AS er eit selskap i Banogruppen med totalt 150 tilsette, der 50 har sin arbeidsstad på Sandane. Gruppa omset for 300 millionar kvart år, har solid økonomi og er i sterk vekst. Banogruppen vil i 2018 flytte inn i nye kontor og ikkje minst ny fabrikk på Sandane. Gruppa har kontor i alle nordiske land, i tillegg til fabrikkar både i Noreg og Sverige.

Som trainee i Strukturplast/Bano-gruppen tilbyr vi deg
- Varierte arbeidsoppgåver i ei offensiv bedrift
- Praktisk og spennande opplæring i både rekneskap og finans
- Opplæring på kontor og i fabrikk på Sandane
- Opplæring på fabrikk i Sverige
- Opplæring ved kontora i Oslo og Bergen

Stillinga inngår i Strukturplast/Bano si rekneskapsavdeling.

Arbeidsstad er Sandane i Nordfjord, men noko reiseaktivitet må påreknast til ulike avdelingar i Stockholm, København, Oslo, Töcksfors (Sverige) og Bergen.

Kvalifikasjonar
- Utdanning innan økonomi/rekneskap
- Du må vere strukturert og like å jobbe både sjølvstendig og i team
- Du må vise engasjement for jobben, og vere villig til å stå på i hektiske periodar

Som Framtidsfylket-trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Du får
- Ei stilling i ei internasjonal industrigruppe i vekst, med stort potensiale og ein solid økonomi
- Du får jobbe i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, i ein region som gir deg mange moglegheiter til å dyrke friluftsinteresser
- Du får gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedyktige vilkår

Tilsetting: August 2018 til August 2019, og det er mogleg å starte tidlegare med arbeidsoppgåver som ligger utanfor Trainee-ordninga.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i TELSA AS, Tommy Gustav El Sayed. TELSA er rådgjevar for Bano-gruppen ved rekruttering. Mobil: 47885388. E-post: tommy@telsa.no

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket.