Framtidsfylket
Bank og Finans, Regnskap og revisjon
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2019
www.framtidsfylket.no

Strukturplast/Bano-gruppen søker trainee innan økonomi og rekneskap

Strukturplast AS er eit selskap i Banogruppen med totalt 150 tilsette, der 50 har sin arbeidsstad på Sandane. Gruppa omset for 300 millionar kvart år, har solid økonomi og er i sterk vekst. Banogruppen vil i april 2019 flytte inn i nye kontor og ikkje minst ny fabrikk på Sandane. Gruppa har kontor i alle nordiske land, i tillegg til fabrikkar både i Noreg og Sverige.

Som trainee i Strukturplast/Bano-gruppen tilbyr vi deg:
- Varierte arbeidsoppgåver i ei offensiv bedrift.
- Praktisk og spennande opplæring i både rekneskap og finans.
- Opplæring på kontor og i fabrikk på Sandane.
- Opplæring på fabrikk i Sverige.
- Opplæring ved kontora i Oslo og Bergen.

Stillinga inngår i Strukturplast/Bano si rekneskapsavdeling.

Arbeidsstad er Sandane i Nordfjord, men noko reiseaktivitet må påreknast til ulike avdelingar i Stockholm, København, Oslo, Töcksfors (Sverige) og Bergen.

Kvalifikasjonar
- Utdanning innan økonomi/rekneskap.
- Du må vere strukturert og like å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du må vise engasjement for jobben, og vere villig til å stå på i hektiske periodar.

Som Framtidsfylket-trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Du får
- Ei stilling i ei internasjonal industrigruppe i vekst, med stort potensiale og ein solid økonomi.
- Du får jobbe i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, i ein region som gir deg mange moglegheiter til å dyrke friluftsinteresser.
- Gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedyktige vilkår.

Tilsetting: August 2019 til august 2020. Det er mogleg å starte tidlegare med arbeidsoppgåver som ligg utanfor trainee-ordninga. Eksempelvis våren 2019.

NB: Stillinga må søkjast på gjennom Framtidsfylket.no