Framtidsfylket AS
Offentlig sektor, Regnskap og revisjon, Rådgivning
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2018
www.framtidsfylket.no

Sogn og Fjordane fylkeskommune søkjer trainee innan statistikk og analyse

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse,
kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Vi arbeider med analysar av samfunns - og næringstilhøva i fylket. Analysane vert nytta i arbeidet med regional planlegging og som støtte til kommunalt og interkommunalt plan - og strategiarbeid.

Stillinga er knytt til fylkesrådmannen sin plan - stab, men skal støtte opp om heile fylkeskommunen
si verksemd med samfunnsanalysar.

Kort om arbeidsoppgåvene:
Utarbeide analyse, tolking og presentasjon av statistikk
Rådgjeving innan statistikk og analyse

Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Krav til denne traineestillinga:
- Mastergrad innan samfunnsfag med statistikk og analysar
- Kunnskap om og erfaring med gjennomføring av samfunnsanalysar

Vi legg vekt på:
- Kunnskap om kvantitative og kvalitative metodar og analysar
- Evne til å arbeide analytisk og systematisk
- Vere samfunnsinteressert og ha lyst til å arbeide med ulike fagområder, td. utdanning, transport, miljø, demografi og folkehelse.
- Erfaring med å bruke statistikk til overvaking og vurdering av resultat og effektar
- Erfaring med handsaming av data, skriving av rapportar og bruk av rekneark
- Evne til å arbeide nært saman med andre og fleksibilitet
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi kan tilby deg:
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings - og pensjonsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Ei ganske fri stilling der du har mogeligheit til å utvikle deg innan fagfeltet

Arbeidsstad: Leikanger

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.
Nærmare opplysningar får du hjå plansjef Synnøve Stalheim (tlf. 478 97 260).

Vi oppmodar personar med nedsett funksjonsevne eller med innvandrarbakgrunn til å søkje.
Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke
søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand.

Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit evt. intervju.


Søknadsfrist: 1. mars 2018

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.