Framtidsfylket AS
Offentlig sektor, Annet
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2018
www.framtidsfylket.no

Sogn og Fjordane fylkeskommune søkjer trainee innan kulturhistorie, etnologi, bygningsvern, arkitektur

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Som trainee i nærings- og kulturavdelinga vil du få kjennskap til, og arbeide med oppgåver knytt til kulturminneforvaltning og utvikling. Vi samarbeider med kommunar, institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar for å ta vare på viktige kulturminne, og nytte desse i formidlings- og utviklingssamanheng. Arbeidet er knytt til rådgjeving, uttaler til kommunale areal- og byggesaker, søknader, prosjekt- og formidlingsarbeid.

Som trainee hos oss vil du få jobbe med saker som:
- Ordinær kulturminneforvaltning gjennom handsaming av kommunale areal- og byggesaker og freda bygg (plan- og bygningslova og kulturminnelova), tilskotshandsaming (freda bygg) og arbeid med enkeltsaker som gjeld kulturminne av nyare tid (plan- og bygningslova)
- Prosjektarbeid gjennom å delta i arbeidet med utarbeiding av oversikt over regionalt viktige kulturminne, utvelging av kulturhistorisk viktige landskap og andre prosjekt som måtte komme til.
- Arbeid med politiske saker gjennom å skrive notat og vedtakssaker til politiske organ, og formidling gjennom aktiv produksjon av saker for heimeside.

Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Krav til denne traineestillinga:
- Mastergrad innan kulturhistorie, etnologi, bygningsvern eller arkitektur

Vi legg vekt på:
- Interesse for å arbeide med kulturminne i både verne- og utviklingsperspekt
- Interesse for og kompetanse innan digital kompetanse
- Det vil vere ein fordel om du har noko planfagleg og/eller juridisk kompetanse
- Noko arbeidserfaring frå privat, frivillig og/eller offentleg sektor

Vi leitar etter deg som har:
- Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide for å nå felles mål
- Analytiske evner
- Kapasitet, kreativitet, motivasjon og lyst til å lære
- Er sjølvstendig, og likar å dele kunnskap
- Gode kommunikasjonsevner
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førerkort for bil

Vi kan tilby:
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Fleksibel arbeidstid

Du vil møte eit variert arbeidsmiljø der du både vil få opplæring og rettleiing, og der du vil kunne påverke og utvikle arbeidet vårt.

Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstad i moderne lokale i Storehagen Atrium i Førde.

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Nærmare opplysningar får du hjå:
Ass. fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad tlf. 415 30 941 eller
Fylkeskonservator Eva Moberg tlf. 905 91 452.

Vi oppmodar personar med nedsett funksjonsevne eller med innvandrarbakgrunn til å søkje. Søkarane til stillinga kan ha maksimum tre års arbeidserfaring.

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand.

Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Søknadsfrist 1. mars 2018

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.