Framtidsfylket
Advokattjenester, Bank og Finans, Kommunikasjon, Regnskap og revisjon, Rådgivning
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2019
www.framtidsfylket.no

PwC søker trainee innan rådgjeving og revisjon

Er du ein som vil litt meir?
- Har du lyst til å bidra til lokal verdiskapning?
- Har du lyst til å kunne lære av fantastiske kollegaer med fagleg tyngde og brei erfaring?

Då er PwC ein arbeidsplass for deg!

Kven er vi?
PwC i Nordvest er det leiande miljøet i vår bransje. Vi arbeider målretta med å bygge lokal kompetanse, og har eit tverrfagleg og hyggeleg miljø med ca 80 rådgjevarar, revisorar og advokatar. Vi er tilstades på fleire lokasjonar i fylket vårt og nabofylket - og har kontor i Førde, Florø, Måløy, Stryn, Sogndal, Ulsteinvik, Molde og Ålesund. Hos oss er det viktig med ein kombinasjon av tenestekompetanse og bransjeerfaring. Fleire av våre kundar er leiande aktørar i sine bransjar lokalt, regionalt og nasjonalt.

Kva kan vi tilby deg?
Ei traineestilling hjå oss vil gje deg dei beste føresetnadane for å forme den karriera du sjølv ynskjer deg. Frå dag ein blir du utrusta med nyttige verktøy og vil på kort tid få innsikt i og erfaring frå eit breidt spekter av fagområder og bransjar.

Vi trur at menneske må få rom til å utvikle seg om dei skal trivast på lang sikt. I PwC får du eit stimulerande og utviklande arbeidsmiljø, der vi har sett fagleg og personleg utvikling i system.

Er du PwC?
Du må kunne vise fagleg dyktigheit og god teoretisk forståing i økonomiske og/eller teknologiske fag. Utover det vurderer vi kandidatar med ulik bakgrunn, og ser på mangfold som eit konkurransefortrinn! Du må i tillegg ha velutvikla analytiske eigenskapar, forretningsforståing, og kunne sette deg inn i komplekse problemstillingar på kort tid.

PwC er avhengig av tillit hos våre kundar for at vi saman skal kunne skape verdiar og utgjere ein forskjell i samfunnet. Derfor bør du også ha evna til å byggje relasjonar med sentrale nøkkelpersonar på ulike nivå. Sist, men ikkje minst, må du kommuniserer godt på norsk og engelsk.

Som Framtidsfylket Trainee i PwC får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt 3 års arbeidserfaring
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
-
NB: Stillinga må søkast på gjennom Framtidsfylket.no

Traineeordninga går frå august 2019 - august 2020.