Framtidsfylket AS
Advokattjenester, Offentlig sektor
Fulltid
Internasjonalt
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2018
www.framtidsfylket.no

Lotteri- og stiftelsestilsynet søkjer trainee innan jus

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet med tilsynsansvar for 6900 norske stiftelsar, og Lotteritilsynet. Lotteritilsynet er delt i to avdelingar; Frivilligheitsavdelinga og Pengespelavdelinga. Frivilligheitsavdelinga i Lotteritilsynet forvaltar den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Noreg, og fører tilsyn med grasrotandelen hos Norsk Tipping. Pengespelavdelinga har ansvar for kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, i tillegg til ansvaret for arbeidet vårt med marknadskontroll og speleåtferd.

Tilsynet held til i Førde, og har i dag om lag 70 tilsette. For meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre, sjå www.lottstift.no.

Lotteri- og stiftelsestilsynet er traineebedrift i det fylkesdekkjande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane.

No søkjer vi nettopp deg til å bli trainee i tilsynet!

Vi ser etter ein nyutdanna, engasjert og serviceinnstilt person med masterutdanning innan jus. Du vil ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram frå august 2018 til august 2019. Du vil vere knytt til ei avdeling men vil rotere mellom ulike avdelingar i tilsynet.

Kven er du?
Du er nyutdanna og stolt av fagkompetansen din. Du er initiativrik, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner. Har du i tillegg erfaring frå arbeid i ein frivillig organisasjon, er det berre ein fordel.

Som trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil du få
- ein god start på karrieren
- fagleg og personleg utvikling
- ein mentor som følgjer deg opp
- inngåande kjennskap til frivillig sektor i Noreg
godt innblikk i statleg forvaltning
- eit breitt innsyn i næringslivet i Sogn og Fjordane
betalt studietur til utlandet i april/mai 2019

Som Framtidsfylket Trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Kvar skal du jobbe?
Vi held til i moderne kontorlokale i Førde sentrum, med felles kantine og trimrom.

Tilsetjing i august 2018 (eventuelt tidlegare om ynskjeleg). Løn etter avtale.

For spørsmål om stillinga kan du kontakte:
- Avdelingsdirektør Bjørn Morten Øen, tlf. 57 82 80 55, mobil. 90 20 61 00, e-post: bmo@lottstift.no
- Seniorrådgjevar/HR Siv-Karin Hestad, tlf 57 82 80 44, mobil 99 28 43 25, e-post: skh@lottstift.no

Søknadsfrist 1. mars 2018.

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.