Framtidsfylket
Kommunikasjon, Offentlig sektor, Regnskap og revisjon, Rådgivning, Annet
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2019
www.framtidsfylket.no

Lotteri - og stiftelsestilsynet søker trainee innan fleire spennande fagfelt

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet. Stiftelsestilsynet har tilsynsansvar for 6800 norske stiftelsar. Lotteritilsynet har ansvar for kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for vårt arbeid med marknadskontroll og speleåtferd, i tillegg til ansvar for den nasjonale kampfiksingseininga. Vidare forvaltar Lotteritilsynet den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Norge, og fører tilsynet med grasrotandelen hos Norsk Tipping.

Tilsynet held til i Førde i Sunnfjord, og har i dag totalt 73 tilsette. Meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre finn du på www.lottstift.no.

No søkjer vi nettopp deg til å bli trainee i tilsynet!

Vi ser etter ein nyutdanna, engasjert og serviceinnstilt samfunnsvitar som har interesse for kunnskapsutvikling og formidling. Du vil ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram frå august 2018 til august 2019. Du vil vere knytt til ei avdeling, men vil rotere mellom ulike avdelingar i tilsynet.

Som trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil du få
- Ein god start på karrieren
- Nettverk med andre traineear
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein mentor som følgjer deg opp
- Inngåande kjennskap til frivillig sektor i Noreg
- Godt innblikk i statleg forvaltning
- Eit breitt innsyn i næringslivet i Sogn og Fjordane
- Fire traineesamlingar + betalt studietur til utlandet i april/mai 2020

Kven er du?
- Du er nyutdanna og stolt av fagkompetansen din. Du er initiativrik, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner. Det er fint om du også beherskar sosiale medium og andre digitale flater og verktøy. Har du i tillegg erfaring frå arbeid i ein frivillig organisasjon er det flott.

Som Framtidsfylket-trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
- Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
- Vi held til i moderne kontorlokale i Førde sentrum, med -felles kantine og trimrom.

Tilsetjing i august 2019 (eventuelt tidlegare om ynskjeleg). Løn etter avtale.

NB: Stillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.no