Trainee Vest
Offentlig sektor
Fulltid
Internasjonalt
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 22. januar 2018
raineevest.no

Hordaland fylkeskommune: Trainee - Fylkesadministrasjon

Hordaland fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle horda­landssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhel­setenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for ver­diskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Vi søkjar trainee i fylkesadministrasjonen

Fylkesadministrasjonen omfattar administrasjon og støttefunksjonar for dei tenestene Hordaland fylkeskommune er sett til å utføre. Vi søkjer etter ein trainee som vil få oppgåver innafor delar av denne verksemda.

Frå januar 2020 skal Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar verte éin fylkeskommune: Vestlandet. Regionreforma er ein stor endringsprosess som krev ei samordning av alle funksjonar og tenester som ligg til dei to fylkeskommunane. Endringa vil venteleg påverke arbeidsmåtar og organisering i fylkesadministrasjonen.

Arbeidsstad
Traineen vil få arbeidsstad i Bergen. Fylkesrådmannen er øvste leiar av administrasjonen.