Framtidsfylket AS
IT, Kommunikasjon, Teknologi, Annet
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2018
www.framtidsfylket.no

Highsoft søkjer trainee innan fleire spennande fagfelt

Highsoft AS er lokalisert i Vik i Sogn. I dag er det 20 tilsette som jobbar med programmering, sal og administrasjon. I tillegg har vi eit teknisk supportteam i Krakow.

Då Highcharts vart lansert i 2009, var dette eit av dei første diagramverktøya utvikla i HTML5 som gjorde det lett for webutviklarar å publisere diagram utan å vere avhengig av Flash-teknologi.

Aukande bruk av smarttelefonar og nettbrett har ført til stor etterspurnad etter programvare i HTML5. Highcharts vart eit populært diagramverktøy mellom anna fordi det har eit godt utvikla grensesnitt.

I februar 2017 har Highsoft seld lisensar til over 80 av dei 100 største selskapa i verda.
Highsoft er marknadsorientert og nye funksjonar og produkt vert utvikla basert på tilbakemeldingar frå den globale marknaden.

Er du dyktig på?
- Webutvikling
- Sal mot internasjonale kundar
- HR og administrasjon
Då vil vi gjerne at du søkjer traineestilling hos oss.

Som trainee i Highsoft får du jobbe i:
- Eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø
- Eit internasjonalt selskap
- Ei bedrift i vekst

Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Kvar skal du jobbe?
Hovudarbeidsstaden er i Vik i Sogn.

Tilsetjing: august 2018 til august 2019
Lønn etter avtale

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.