Framtidsfylket AS
Bank og Finans, IT, Regnskap og revisjon, Rådgivning, Annet
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2018
www.framtidsfylket.no

Fjord1 søkjer trainee innan fleire spennande fagfelt

Fjord1 AS opererer ferjesamband frå Sør-Trøndelag til Rogaland. Vi er ein attraktiv arbeidsgjevar som kontinuerleg søkjer kompetanse innanfor fleire ulike fagområde både på sjø og på land. Vi er eit innovativt selskap med store ambisjonar. Det grøne skiftet kjem til å dominere ferjenæringa i åra som kjem. Her vil Fjord1 spele ei leiande rolle. For meir informasjon om selskapet, besøk heimesida vår: fjord1.no

Har du lyst på spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i Noregs største ferjeselskap, kan difor nettopp denne traineestillinga vere midt i blinken for deg.

Fjord1 står framfor den mest spennande tida i selskapet si historie og vi ønskjer difor å styrke laget vårt med ein eller fleire traineear i 2018.

Vi ser etter nyutdanna kandidatar med bachelor eller master som ønskjer å vere med å utgjere ein forskjell innan:
- HR/HMS/organisasjonsutvikling
- IKT
- økonomi/finans
- strategi
- catering
- forretningsutvikling
- miljøteknologi

- Som person er du kreativ og ser stadig etter nye løysingar.
- Du oppteken av å skape gode relasjonar og du kommuniserer godt med kollegaer på alle nivå i organisasjonen.
- Du trivast med å arbeide i team, samtidig som du også evnar å jobbe sjølvstendig og strukturert.

Å vere trainee i Fjord1 gjer deg ein solid start på arbeidslivet og ei karriere med moglegheit for fagleg og personleg utvikling. Gjennom året som trainee vil du få moglegheit til å jobbe tett saman med dyktige kollegaer på tvers av ulike avdelingar. Du vil såleis også få verdifull erfaring innanfor ulike delar av organisasjonen, og dermed også god innsikt i forretningskonseptet og dei daglege utfordringane vi står ovanfor.

Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Vi kan tilby:
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein unik start på karriera
- Fagleg og personleg utvikling
- Oppfølging i frå leiar og mentor
- Eit unik innsyn i eit mangfaldig næringsliv
- Løn etter avtale

Personlege eigenskapar:
- Kreativ, løysingsorientert og skapande
- Motivert, engasjert og utadvent
- Strukturert, proaktiv og pådrivar
- Sterke analytiske eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner

Arbeidsstad er Florø.


Søknad
Send oss ein søknad der du beskriv kvifor vi skal satse på nettopp deg og din kompetanse.

Vi ber vidare om at søknad og CV skrivast på norsk og at vitnemål/karakterutskrift vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.