Framtidsfylket
IT, Kommunikasjon, Markedsføring, Regnskap og revisjon, Rådgivning
Trainee
Vestlandet
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 01. mars 2019
www.framtidsfylket.no

Enivest søker trainee innan forretningsutvikling

Kven er du?
Du har bachelor eller mastergrad og eit ønske om å gjere ein innsats innanfor eit eller fleire av våre fagmiljø: Telekom, IKT, nettverk, systemutvikling, programmering, kundeservice, sal, økonomi, marknad, HR, forretningsutvikling.

Dine viktigaste arbeidsområde blir å delta i utvikling av nye produkt, forbetre og optimalisere arbeidsprosessar, samt implementere endringar og nye løysingar i organisasjonen.

Kva kan vi gje deg som trainee
- Ein spennande start på karriera di i eit innovativt og lærerikt miljø
- Du får eigen mentor som syter for di faglege og personlege utvikling
- Konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetjing

Som Framtidsfylket Trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket Trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
- Pågangsmot og glimt i auget er eit stort pluss.

Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram frå august 2019 til august 2020.

NB: Stillinga må søkast på gjennom Framtidsfylket.no

Enivest er det største IKT-selskapet heimehøyrande i Sogn og Fjordane. Vi tilbyr framtidsretta internettløysingar på ulike teknologiplattformar der fiber og fiberbasert breiband er det sterkaste vekstområdet. Enivest arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester i nettet og er GET partnar på distribusjon av TV. Våre hovudprodukt er internett, datakommunikasjon, TV, video og telefonitenester. Selskapet har i dag 50 tilsette med hovudkontor på Øyrane i Førde og er i stadig vekst og utvikling. Sjå meir informasjon på våre nettsider: www.enivest.no