Trainee Vest
Offentlig sektor, Teknologi
Fulltid
Internasjonalt
Lenke til stillingsannonse
Søknadsfrist: 22. januar 2018
raineevest.no

Alver kommune: Trainee - Programorganisasjonen

Alver kommune
Kommunane Radøy, Meland og Lindås byggjer ny kommune. 1. januar 2020 skal dei tilsette på jobb for nye Alver kommune. Etableringa av Alver kommune har starta og arbeidet med den nye kommunen er organisert som eit program. Vi etablerer ein programorganisasjon som skal gjennomføre og støtte etableringsprosessen.

Trainee - Programorganisasjonen

Vi søker i utgangspunktet etter ein trainee som blir ein del av programorganisasjonen, men vil også vurdere fleire aktuelle kandidatar. Stillinga blir plassert i programkontoret, som skal koordinere og gjennomføre samanslåinga. Programkontoret vil vere ein viktig støtte i gjennomføringa, og det er planlagt nærare 100 prosjekt i perioden fram til 2020. Som trainee for oss blir du del av eit spennande utviklingsmiljø og rapporterer til programleiinga.